Program for Pinsehelga i Hareid

Pinsa er kyrkja sin bursdag og pinsehelga i Hareid har eit fyldig program.

Pinsa er kyrkja sin bursdag og pinsehelga i Hareid har eit fyldig program. Illustrasjon: Bente Andreassen Pilskog

PINSEAFTAN, laurdag 27. mai :

kl 1300-1500  Superlaurdag - småbarnsfamiliar (kyrkjelydshuset)
Siste gong før ferien. Graut kl. 14.15, påmelding til 92 09 01 74. Det blir bursdagsfest og alle som vil kan lage seg bursdagskruner. Men kven har bursdag?

kl 1700-1800  Pinsehøgtida ringast inn!          
Kyrkjeklokkene vil ringe pinsehøgtida inn i 1 time.

kl 1800-2000  StøtteKonsert for kyrkjelydshuset,  m/gratis inngong (kyrkjelydshuset)
Pinseafta etter at kyrkjeklokkene har ringt høgtida inn, vil Prosjektkoret som har øvd sidan påske framføre 3 fantastiske gospellåtar! Dirigent er Lill Marthe A Solbakken. Ida Teige på flygel og Jon Arnstein Haugen på slagverk. Ronald Øvrelid vil glede oss med sin flotte song, både aleine og saman med Anna Josefin Jønsson-Havåg. Ole Martin Øyehol og Toril Oda Ringstad har også ei avdeling. Vi kan derfor garantere gode opplevinga! Matykt og loddsalg har vi også - overskotet går til kyrkjelydshuset.
              

1. PINSEDAG, søndag 28. mai:

kl 11.00 Høgtidsgudstenesteste i kyrkja
v/Rolf Dyrhol. Dåp, nattverd, offer til Normisjon (bruk vipps 16290 Hareid sokn). Prosjektkoret tek del med song. Streamast på Facebook og til Hadartun sin tv-kanal.


2. PINSEDAG, mandag 29. mai:

kl 12.00 Friluftsgudsteneste på Melshorn
v/Rolf Schanke Eikum. Hjørungavåg brass og Hjørungavågspeidarane tek del. Streamast frå fjellet til vår Facebook-side.

 

Kort om pinse

  • Pinse feirast 50 dagar etter påske og ti dagar etter Kristi himmelfart. Denne hendinga reknast som grunnlegginga av kyrkja.
  • Sjølve ordet "pinse" kjem frå det greske ordet "pentekoste" som betyr den femtiande.
  • Opphaveleg var pinsen ein jødisk fest som markerte avslutninga på påska og at Moses fekk dei ti boda på Sinai. 

Kva står det i Bibelen om pinse, og kvifor kallar vi det for kyrkja sin bursdag?
På Kristi himmelfartsdag forlot Jesus disiplane og for opp til himmelen. Disiplane visste ikkje kva dei skulle gjere. Nokre dagar seinere var dei samla for å feire den jødiske pinsefesten. I Apostlenes gjerningar i Det nye testamente står det korleis Den heilage ande kom over dei. På merkeleg vis blei dei i stand til å forstå og tale alle moglege språk. Deretter gjekk dei ut i verda for å forkynne bodskapen om Jesus Kristus.

Dei første kristne kyrkjelydane hadde sitt utspring frå det som skjedde den første pinsen. Difor kaller mange også pinsedagen for kyrkja sin fødselsdag.

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"